I forige veke vart ein amerikansk Jeep med russiske registreringsskilt observert på ei ferje i Hardangerfjorden. Trond Antonesen, som er utdanna mekaniker, men jobbar no innan resirkulering, skriv på bloggen til Chrysler at han tok nokre bilder, men våga ikkje å snakke med paret som køyrde bilen. Ifølgje Chryslerfanatikaren er det fleire veker sidan han sist såg ein Jeep Patriot i fjorden.
Kan hende var sjåføren like dårleg å køyre bil som Michael Sandelson synest nordmenn er. Pianisten skriv i den engelske utgåva av Stavanger Aftenblad og ramsar opp ti kjenneteikn på korleis nordmenn oppfører seg i trafikken. Eg kjenner meg sjølvsagt ikkje igjen, men sympatiserer.
Litt sympati må og gå til Trine Grung som for tida står i offentleg gapestokk etter å ha skrive nokre lite flatterande ord om kollegaen sin Elin Tvedt. Gapestokken vart bygd av 13 forskjellige kjelder som var enige om at ein triviell kjerringkamp var nyheitsverdig og sette samme krenkjande ord på trykk. Svarteper vart heldigvis kjappt identifisert og fru Grung fekk sparken som følgje av å ha skrive det ho tenkte.
På andre områder er Noreg mykje meir veldedige. Bistand er no ein (1) prosent av BNP! Det er ikkje rart det nye statsbudsjettet nådde heilt til Ameriken der Andrew Revkin skriv i The New York Times at Noreg bikkar trenden og aukar bistanden sjølv om verdsøkonomien slit. Men når Revkin foreslo på telefon til Solheim at det er noko hyklersk med ein oljerikdom som betaler for ein bistand som fokuserer på å stoppe avskoging og å utvikle fornybare energikjelder, er det fare for at Erik raugna litt på andre sida av Atlanteren.
Rauge fjes er nok for mykje å håpa på når det gjeld renteavgjerda i går. Til det er grådigheita for stor. Verda som så sjeldan opererer i samme retning, gjekk ilag og sette ned renta med ein halv prosent. Kva gjorde Norges Bank? I ei pressemelding uttalte dei at det er ”gledelig at de store landene samler seg” og at statsbanken kjem til å bestemma seg om ei veke. Med andre ord sa Noreg til verda at den ikkje treng oss, me er så små. Den norske krona vart sjølvsagt styrka og investorar byrja å stilla seg i kø ved den norske grensa.
Ein investor som tidlegare i veka vart bedt om å komma seg heim igjen er Ladbrokes, den britiske bookmakeren. Dei søkte om lisens i 2004, utan hell, og reiste so sak mot avgjersla. Tidlegare i veka slo retten i Oslo fast at norsk lov er i tråd med europeisk og gjev Noreg rett til å nekta adgang til sitt pengespelmonopol. Trond Giske sin respons var omlag denne: det er viktig for velferdstaten at me kan fortsetja å tyna dei som har minst, treng meist og ikkje veit betre.
To andre krigar som raser for tida har monopolistiske dimensjonar. Ein er mot Apple, iTunes og deira bruk av DRM (Digital Rights Management). Den andre er mot Microsoft sitt OOXML (Office Open XML) filformat som nærmar seg ISO (International Organization for Standardization) status. Det er ikkje so overraskande at to so store selskap vert utfordra, men at fronten til beggje krigane går rett igjennom Noreg er både overraskande og flott.
Til slutt er det berre å nemna noko anna flott. Det er Forollhogna nasjonalpark. Du høyrde det ikkje ifrå meg, men ifrå Wild Wonders of Europe.
