Patrioten i meg vakna ifrå sommarheita då eg las juliutgåva av New Yorker magasin. Halvvegs inn i artikkelen Angry Youth: The new generation’s neocon nationalists [1], skrive av Evan Osnos, fann eg eit norsk namn som rista litt i nasjonalkjensla: Jostein Gaarder. Det er meir enn eit tiår no, sidan Sofies Verden fauk av hyllene hos kvar ein bokhandlar, og bestselgjarlistene verda over var toppa av ein nordmann. Osnos tek for seg fen qing, den sinte ungdom, og deira syn på moderne Kina. Nesten tjue år etter studentopprøret på Den himmelske freds plass er det no ein ny studentelite som gjer opprør. Og denne gongen er det ikkje eit behov for vestlege liberale demokratiske verdiar som vert uttrykt, men ein trong til å ta vare på kinesisk suverenitet og tradisjonell kultur. Det styresettet som vart angripe i 1989, vert i dag forsvara. Utgangspunktet for artikkelen til Osnos er ein YouTube video som vart lasta opp av Tang Jie i april i år. 2008 China Stand Up! [2] er ein reaksjon mot all den negative omtalen Kina fekk etter demonstrasjonane i Tibet i mars. Den minner sjåaren om “den imperialistisk faren”, skuldar aukande matprisar på vestleg kapitalistisk spekulasjon og anklagar vestleg media for å vera partisk i forhold til Tibet. Den vestlege dobbeltmoralen er, i følgje Tang, motivasjonen som skal til for å utdanna ein ny generasjon kinesarar; ein generasjon som har ein lang og tung marsj å gå for å løfta Kina ifrå “semi-koloni” til ein moderne og uavhengig nasjon. Sett av over ein million menneske i løpet av den fyrste veka, er det klart at filosofistudent Tang sin video trefte ei kinesisk nerve. Og det var når Tang les Sofies Verden at han oppdaga filosofi, seier han i New Yorker artikkelen.
Etter at noko av patriotismen fordampa i sommaren som var, kom eg på det Marie Wells hadde fortalt meg om ei anna norsk jente i Kina. Nora var i følgje Ibsen-eksperten symbolet på kvinnefrigjering i Kina i det fyrste halve av forige århundre. Et Dukkehjem som fann vegen til Kina via Japan vart sett opp på scene fyrste gong i Shanghai i 1912. Skodespelet til Henrik Ibsen var utan tvil det mest kjende utanlandske dramaet i Kina før andre verdskrig og var å sjå overalt i studentmiljøet. Men i 1924 blei portrettet av Nora og Helmer forbode grunna frykt for at det hadde ein negativ effekt på den kinesiske moralske integriteten. Aspektet som var mest kontroversielt i Europa, det at ei mor forlet ungane sine, vart ikkje spesielt framheva i kinesiske versjonar av Et Dukkehjem. Det var ikkje det at Nora forlat hus og heim som var mest trugande, men at ho “vakna”, at ho blei sjølvbevisst, på berre tre dagar. Såleis var det det overfladiske ved denne prosessen som var problemet, ikkje utfallet sjølv. Noraisme, som fenomenet har blitt kalla, var ikkje synonymt med feminisme, men følgde dei politiske straumane i Kina. For 4. mai-bevegelsen i 1920-åra var Nora ein modell for vestleg kvinnefrigjering, mens tiåret etter såg på Nora som eit symbol på rebell og revolusjon [3]. Og det er etter at Nora har representert individualisme og feminisme at ho dukkar opp som sosialist i den mest kjende oppsetjinga av Et Dukkehjem i Kina. Året var 1935 og ei ung Jiang Qing stod på scenen berre nokre månader etter at ho var ferdig å sona ei straff for “propagandaverksemd”. I det som i ettertida har vorte kalla “Noras År” i teaterverda i Shanghai, fekk Nora sin mest revolusjonære tolking. I to månader klappa både kritikarar og publikum “kvinne-rebellen” i ei verd og ei tid der applaus var særs uvanleg [4].
No er det lite som vitnar for at den andre norske jenta i Kina kjem til å verta ein eigen “isme”. Men det er ikkje tvil om at Sofie har hatt innverknad på Tang og studentvenene hans. Dei har studert vestleg filosofi i mange år for å finna ut kvifor Kina har vore så baklengs i si moderne historie. Dei er klar for å læra av vestleg historie, men ikkje for å bli vestlege. Det trur heller på ei gjenoppliving av det klassiske Kina, ein nostalgisk renessanse i kva det betyr å vera kinesisk. Og dei trur ikkje åleine; i ei spørjeundersøking underteke av Pew Research Center svara meir enn åtte av ti at dei er nøgd med retninga til landet. Tek ein so i betraktning at europearar no ser på Kina (og ikkje lenger USA) som den største trugselen i verda, og på same tid ikkje undervurderer den suggererende effekten Internett har, er det ikkje rart at nasjonalistiske krefter er i veks
—
Referanser:
1. Osnos, Evan, ‘Angry Youth: The new generation’s neocon nationalists’, New Yorker, July 28, 2008: http://www.newyorker.com/reporting/2008/07/28/080728fa_fact_osnos.
2. Jei, Tang, ’2008 China Stand Up!’, http://www.youtube.com/watch?v=MSTYhYkASsA.
3. Chengzhou He, (2006) ‘Review’, Ibsen Studies, 6:1, 90-95.
4. Julie Holledge and Joanne Tompkins, Women’s Intercultural Performance (Routledge, 2000).
